Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Partnarar

Popmundo Battrick
I Popmundo, spelar du rolla til ei veksande stjerne i musikkbransjen. Finn din rytme, lag ditt eige band, og reis rundt heile verda i denne trivelege rollespelfellesskapen med meir enn 300,000 aktive brukarar!

Dette er systerspelet til Hattrick, og er utvikla av dei same folkene på Extralives AB i Sverige, som i utgangspunktet utvikla Hattrick. På same måte som i Hattrick, vert du aldri ferdig i Popmundo - det er alltid ein konsert ein stad, alltid ein ny sang å spela inn, alltid ein ny flørt å finna på eit backstage-party. Alle karakterar du treff og samhandlar med er sjølvsagt styrt av andre menneske.

Popmundo er eit djupt spel, men likevel eit lettvint. Det er fullstendig mogleg å berre logga inn nokre få gongar i veka, og likevel verte god. Ein kjekk ting med dette spelet er at det er veldig ope: når du vert lei av din høgtflygande livsstil, er det mange alternativ - bli ein privatetterforskar, lag eit eigedomsimperie eller slå deg ned og start din eigen familie.

Battrick.org er eit flott cricket-managerspel, i ekte Hattricktradisjon. Dette er det perfekte spel for cricketentusiastar, og kjekt for andre som er interessert i sporten - vi er dei fyrste til å vitne på at dette er eit spel ein lett vert hekta på!

Du får styra ein cricketklubb, trene spelarar og styra dei gjennom One Day League og First Class-kampar - det er til og med ein internasjonal cup ein kan delta i. Og sjølvsagt er det eit verdsmeisterskap for landslaga. Fellesskapen er svært triveleg og hjelpsam.

Battrick er eit samarbeid mellom Allan Fairlie-Clarke, ein Hattrick-brukar og tidlegare HT-moderator, og Hattrick-utviklarane.
 
Server 071