Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Hattrick Fotballmanager | Bli med i den gratis fotballverda 

Gratulerer med dagen Hattrick!



Hattrickhistoria
Eit spel for historiebøkene
Etter 20 år med samanhengande historie, så er Hattrick blitt eit unikt spel som let managerar bygga deira eigne fotballagfenomen i konkurranse med personar frå heile verda.

Hattrick er gratis og har alltid vore det!

Sjekk ut historia vår så langt!
Fødsel (1997)
Hattrick vart fødd 30. august 1997. Spelet er berre på svensk og byrjar med ein testserie med 16 lag før serien utvidar til 680 lag i november.
Kultspel (1999)
Hattrick vart raskt eit kultspel blant svenske internettbrukarar og nådde kapasiteten på 2728 brukarar. Køen for å få eit lag var lenger enn eit år!
Går globalt! (2000)
Etter ein månad med nedetid er Hattrick attende med ei heilt ny utforming og ei mengd nye funksjonar. Hattrick er ikkje lenger berre tilgjengeleg i Sverige - no kan du òg spela på Engelsk og nye internasjonale ligaer vert opna opp.
Merkedagar
Hattrick feirar 5 år i 2003 ved å nå 60.000 brukarar verda rundt.

Allereie det fylgjande året vart 100.000 og 250.000 merkedagane passert!

Ved 10-årsjubileet i 2007 var meir enn 900.000 brukarar over heile verda med på å spela Hattrick.
Fellesskapen
Ein viktig grunn til veksten for Hattrick er den fantastiske fellesskapen som hjelper oss med å omsetja spelet til meir enn 50 språk. Foruma våre blei eitt av dei mest aktive på verdsveven, der brukarar fokuserer på deira Hattrick-landslag, treningsstrategiar elller berre tilhøva i verda generelt.
Går mobilt
Medan alltid tru mot opphavet vårt på veven, så byrja fleire og fleire brukarar å leva liva sine gjennom smarttelefonane. Me lanserte den fyrste iPhone-appen tidleg i 2012, og fullstendig omgjorde versjonar for iOS og Android i 2014.

I dag nyttar opptil 50% av Hattrick-brukarane telefon eller nettbrett!
 
Set karakter på denne sida
Server 096