Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Velkomen til foruma på Hattrick!

Velkomen til Hattrick og våre offentlege diskusjonsforum. Som det lengstlevande fotballmanagerspelet på verdsveven, så har Hattrick stått fram som ein av dei med den mest aktive og interessante fellesskapen på nettet for fotballelskarar.  Det finst ikkje noko liknande til Hattrick når det gjeld å finna likesinna menneske å diskutera fotball, livet og alt anna med.  No har me for fyrste gong opna for tilgang til delar av Hattrick sine forum, sånn att alle, sjølv uregistrerte brukarar, kan lesa om kva som skjer.

Me håpar sjølvsagt at du likar det du ser og får lyst til å prøva ut fellesskapen vår som ein registrert medlem. Å bli med Hattrick er gratis, og som ein medlem vil du ikkje berre få spela spelet, men òg lov til å skriva innlegg i foruma og få tilgjenge til arkiva på meir enn 350 millionar innlegg som går nesten 20 år attende i tid.

Hattrick er verkeleg for alle - nettstaden er omsett til meir enn 50 språk og me har brukarar i 144 nasjonale ligaer over heile verda. Du kan oppnå kontakt med tilhengjarar for alle landslaga, alle dei større internasjonale og nasjonale fotballklubbane eller til og med lokale lag.


Velkomen!


1 293 001 forum, 14 764 085 trådar og 364 783 274 innlegg i Hattrick akkurat no!
 
 
Server 070