Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Hattrick Gears
Flotte saker for laget ditt!

Hattrick Gears er ei samling med mindre funksjonar med eingongsbetalingar, laga i same anden som Hattrick Supporter: tenester som gjer Hattrick meir gøy å spela eller som gjer Hattrick livet ditt meir komfortabelt, men utan at det har nokon reell effekt på sjølve spelet.

Du kan kjøpe kvar Hattrick Gears funksjon med kredittar.

Gje spelaren din eit oppnamn

Har nokon av spelarane dine fått eit oppnamn av dei andre spelarane, eller frå tilhengjarane dine? Du kan gje dei mest populære spelarane dine oppnamn for å gjera dei meir personlege. Oppnamna vil dukke opp mellom førenamnet og etternamnet til spelaren. Når ein spelar vert seld, forsvinn oppnamnet.

Spelarar som står på overgangslista eller spelarar som har spela landslagskampar, kan ikkje få oppnamn. Oppnamna må òg finnast i databasen med godkjende oppnamn.

Om oppnamnet du vil nytta ikkje er tilgjengeleg kan du fremja eit forslag om å leggja det til.

Pris: 5 Kredittar

Endring av spelarutsjånad

Du kan gje kven som helst av spelarane dine ei ny utsjånad, så lenge dei ikkje står på overgangslista. Med å endra utsjånaden kan du få ny hårfrisyre, ny hårfarge og leggje til (eller fjerne) skjeggvekst.

Pris: 2 Kredittar

Gje spelar ein total forvandling

Du kan òg gje ein spelar ein total forvandling, som vil seie at du kan endra kva som helst av utsjånaden. Du må i så høve anten vera moderklubben til spelaren eller hatt spelaren i minst ein sesong for å kunne gje han ei total forvandling.

Dessutan, spelarar på overgangslista eller spelarar som har spela kampar for eit landslag kan ikkje få ein total forvandling.

Pris: 8 Kredittar

Bli med i turneringa

Turneringar er den uoffisielle klubbtevlinga i Hattrick. Vel mellom å oppretta ei turnering for deg sjølv og dine vener - eller bli med i ei av dei mange turneringane som alt er i gang, opptil 10 om gongen. Turneringar har eit fleksibelt oppsett - kampar kan finna stad kor tid som helst i løpet av veka og dei kan spelast som cupar eller seriar med sluttspel. Ei turnering kan inkludera frå 4 opp til 64 lag, men prisen for å spela er alltid den same.

Pris: 2 Kredittar

Stigekampar

Ved å bli med på ein stige blir du med i ei kontinuerleg tevling om skryterettar av å vera den beste manageren i regionen, landet eller forbundet - eller til og med globalt. Utfordra deg opp til toppen av stigen for å verta Kongen på haugen!

Merk: som utfordrar vil kredittar brukt verta refundert i fall det vert siger.

Pris: 1 Kreditt

Duellkamp

Har du lyst til å setja den irriterande venen din skikkeleg på plass? Får du ikkje nok med dei ordinære kampane dine? Duellkampar er her for å hjelpa deg. Du kan utfordra kva lag som helst, få retten til å skryta - så enkelt er det.

Pris: 1 Kreditt

Hendingsgenerator

Har du lyst til å gjera ein komande kamp ekstra minneverdig og morosam? Med Hendingsgeneratoren kan du utløyse ei unik hending for ein komande kamp. Du kan velja å håna ein motstandar, nå ut til eigne tilhengjarar eller respekter tradisjonane i klubben din. Ei tilpassa hending vil så utløysast i løpet av kampen. Merk deg at alle hendingar er berre for syns skuld og vil ikkje påverka resultatet av kampen på noko vis.

Pris: 2 Kredittar

Gje nytt namn til ein spelar

Du har høve til å gje alle spelarane dine eit heilt nytt namn.

Spelarar som står på overgangslista eller spelarar som har spela ein kamp for eit landslag kan ikkje få nye namn, og ein seniorspelar kan berre døypast om ein gong (pr. eigar). I tillegg må namnet finnast i namnedatabasen vår for landet til spelaren.

Merk deg at namnet vil endrast attende til det originale så snart som spelaren vert overgangslista, men han vil få namnet attende om han ikkje vert seld.

Omdøyping av ungdomsspelarar har færre restrikrsjonar, namnet treng berre å finnast i namnedatabasen vår for landet ditt.

Merk deg at nokre særskilde namnekombinasjonar vil blokkerast for å unngå at kjende personnamn i røynda vil oversvømme spelet.

Pris: 8 Kredittar

Skuggekamp

Var det det beste laget som vann? Har du hatt urimeleg uflaks, eller var det berre lagoppstillinga di som ikkje var så glitrande som du trudde på førehand? No kan du finna ut av det.

Skuggekamp simulerer den same kampen 20 gonger, ved å nytta dei same variablane som i den verkelege kampen. Dette vil gje deg ein mykje betre idé om kva dei reelle sjansane dine eigentleg var. Med Superskuggekamp vert kampen simulert heile 100 gonger.

Ei oppsummering av kampane vert oppretta for å la det analysera resultatet! Det seier seg sjølv at å spela ein kamp om att ikkje vil ha nokon påverknad på det endelege resultatet av ein kamp på noko som helst vis. Ver venleg merk deg at resultata av simuleringane vil vera tilgjengeleg i to sesongar.

Pris: 3 Kredittar

 
 
Set karakter på denne sida
Server 095