Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Vilkår for bruk

For at Hattrick skal kunna overhalda europeiske regelverk for datahandsaming, må du akseptera vilkåra vi har for bruk og personvernlovgivinga vår, før du får tilgang til brukarkontoen din.

Dette er ei oppsummering av dei viktigaste elementa i Vilkåra for bruk, og om det er skilnader mellom denne teksten og dei engelske vilkåra, så er det dei engelske Vilkåra for bruk som gjeld.

1. Når du melder deg inn i Hattrick, skal du bruka det verkelege namnet og adressa di. Dette gjer det enklare for oss å stadfesta identiteten din og hjelpa deg om du får problem på nettstaden. At spelet er rettvist er svært viktig for oss, og Spelsjefane (GM) i Hattrick brukar mykje tid på å hindra fusk og reagera på juks. Pålitelege brukardata hjelper dei med å gjera akkurat dette.

Om du er under 18 år, må du kanskje ha løyve frå foreldra dine for å få spela, om lova i landet ditt krev det.

2. Du lyt alltid fylgja Husreglane. Du lyt berre ha ein konto om gongen. Du må ikkje juksa eller prøva å hacka Hattrick eller brukarkontoen til nokon andre. Og gløym ikkje den vanlege nettiketten (skikk og bruk på nettet), ver venleg å fara fint og høvisk fram her inne. Du må ikkje truga eller fornærma andre brukarar eller senda søppelpost (spam) til dei. Og du lyt alltid respektera opphavsrettane til andre.

3. Om du ikkje fylgjer desse reglane, kan du risikera å mista laget ditt eller verta utestengd av ein spelsjef (GM). Laget ditt vert òg sletta dersom du ikkje loggar inn i det heile over ein periode på sju veker.

4. Me freistar i gje så god service som mogleg. Men me kan ikkje gje garantiar at servicen alltid vil vera tilgjengeleg og at ingen nokon gong kan mista data.

5. Når du legg inn opplysingar i systemet vårt, gjev du oss lov til å nytta desse opplysingane. Men me bryr oss om personvernet, og me fylgjer personvern-lovverket til den Europeiske Unionen.

Me vil aldri senda deg søppelpost (spam) eller gje ein tredjepart utanfor Hattrick tilgang til opplysingane dine.

Frå tid til anna vil me senda deg eit nyhendebrev og andre e-postar som har med spelet å gjera, til dømes påminningar dersom du har gløymt passordet ditt.

Me brukar informasjonskapslar (cookies) på nettstaden, for å gje deg ei betre brukaroppleving.

Du kan lesa alle personvernvilkåra våre på engelsk her.

6. Me har lagt ned mange år med hardt arbeid i Hattrick, og me håpar at du skjøner at dersom du vil nytta noko som tilhøyrer Hattrick utanfor Hattrick, må du fyrst få løyve av oss.

Me må kanskje gjera endringar i vilkåra for bruk eller i personvernerklæringa. I så fall vil du få greie på det på nettsida.

 
 
Set karakter på denne sida
Server 095