Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Innleiing

Dette er Handboka for Hattrick. For ei raskare introduksjon til spelet, gå til Handbok for nybyrjarar.

Hattrick er eit spel der du kan få oppleva å leia et virtuelt fotballag til sportsleg suksess, i skarp konkurranse med andre lag frå heile verda.

Hattrick er eit enkelt spel, og det er lett å skjøna det grunnleggjande. Du kan spela Hattrick sjølv om du berre loggar inn ein gong eller to kvar veke (men me vonar å sjå deg oftare!). Utfordringa ligg ikkje i å vinna over spelet, men i å konkurrera med dei andre som er med i spelet. Når du spelar Hattrick, vert du gjerne kjend med andre spelarar, så Hattrick er på mange måtar eit sosialt spel.

Dei overordna oppgåvene dine

Det er du som fyller rolla som både manager og klubbeigar. Du vel taktikk og strategi, du vel treningstype og du tek ut laget. Du sel og kjøper spelarar, byggjer ut stadion og mykje meir. Eit par gode råd for å verta ein suksessrik manager er å leggja ein god strategi og å ha ein plan for ein lengre periode. Sportsleg suksess og heider kjem trass alt ikkje gratis.

Det nye laget ditt

Når du tek over ansvaret for laget ditt, har det nett fått ein ledig plass i ein serie. Det er plassert i ein av dei to lågaste divisjonane i seriesystemet til Hattrick. For å byrja på klatringa oppover på tabellen og i ligasystemet, har du fått eit spelarstall (nokre er kanskje gode, andre ikkje fullt så gode…), eit stadion og litt pengar til å kunna starta på oppgåva. No er tida komen, det er no du skal visa din magi!

Ver ikkje uroleg for at du kan koma til å angra på lagnamnet ditt. Du kan alltid byta namn på klubben din i sesongpausen, men det vil kosta deg 10 000 US$ sidan draktmateriell, marknadseffekter osb. må endrast. Du mister òg 3 prosent av medlemene i supporterklubben din, sidan nokre av tilhengjarane i den harde kjernen ikkje vil tilgje deg for å gå vekk frå det gamle namnet.

Regionar og vêr

Laget ditt høyrer til i ein region, ein region du mest sannsynleg har eit forhold til. Regionane er oppretta for at du kan finna andre managerar frå ditt område. Ein annan viktig funksjon er at kvar region har sitt eige vêr. Ingen regionar har betre vêr enn dei andre, alle er like gode - så du treng ikkje vera uroleg for å gjera eit dårleg val.

Vêret påverkar eit par ting, men aller mest påverkar det publikumsoppmøtet (det er færre som kjem for å sjå kampane når det regnar) og prestasjonen til spelarane. På sida for regionen din kan du sjå korleis vêret er i dag, og ei vêrmelding for neste dag. Om sola skin i dag er det meir sannsynleg (samanlikna med andre vêrtypar) at det òg vil verta sol i morgon. Vêret er altså ikkje heilt tilfeldig.

Om du ynskjer å byta region, kan du gjera det i sesongpausen. Det vil kosta deg 10 000 US$ og 3% av tilhengjarane dine kjem til å forlata supporterklubben din.

Det beste rådet me kan gje

Det beste rådet me kan gje deg, er å lesa heile denne handboka. Du treng ikkje lesa heile på ein gong. Om du berre byrjar med dei fyrste kapitla, vil det òg gje deg god innsikt i korleis Hattrick fungerer. Om me skulle gje deg endå eit råd, måtte det vera å spørje om ting du lurer på i foruma våre. Det er faktisk eit eige forum berre for spørsmål.

Det er berre ein ting me insisterer på: For å gjeva deg og alle andre den beste opplevinga på Hattrick, er det nokre veldig enkle reglar for framferd du må fylgja. Desse kan du finna i husreglane våre.
 
Server 071