Me nyttar informasjonskapslar - dei hjelper oss med å levera ei betre oppleving til deg medan du er innlogga.
Ved å nytta nettstaden vår aksepterer du at me kan lagra og aktivera informasjonskaplar på eininga di.

Hjelp »   Husreglar »   Innleiing 

Husreglar

Hattrick er heilt gratis. Me insisterer berre på at du fylgjer dei enkle husreglane våre. Om du trur nokon bryt reglane, ver venleg å gje beskjed til ein spelsjef (Game Master).

Hattrickleiinga freistar heile tida å gjera spelet betre. Funksjonar kan leggjast til når som helst, sjølv om større endringar til vanleg kjem mellom sesongane. Fordi Hattrick er eit spel utan eit fastsett sluttpunkt, må det somme gonger justerast av utviklarane. Til dømes for å hindra at nokre lag vert uslåelege. Kort sagt: utviklarane overvaker spelet, og me må nokre gonger utøve ein viss kontroll. Me freistar å få til dette så rettvist og umerkeleg som mogleg, helst med beskjed om endringar god tid i førevegen, slik at me kan hjelpa deg å verta van med dei. Likevel, av og til må det endringar til.

Som regel er alltid tenarane oppe, men med einskilde avbrot og oppgraderingar. Me prøver alltid å varsla i god tid før avbrota, men i ekstreme høve må me kanskje ordna problem utan å ta oss luksusen med førehandsvarsling.

Nokre gonger skjer det uventa ting, så som datakrøll (bugs). Om det skjer noko som ser merkeleg ut, ta kontakt med ein spelsjef (GM) og me vil sjå på det. Når me held på med feilsøking, prøver me å gjera det så rettvist som mogleg, men av praktiske grunnar kan ikkje kampar verta spela om att. Urettvise avgjersler frå dommarane, merkelege hendingar på bana som øydelegg kampen, og uflaks, er når alt kjem til alt ein del av spelet.

 
 
Set karakter på denne sida
Server 096